24 februar 2007

Lettlest


Eg likar å lesa litt sånn lettare litteratur innimellom, og det finnes jammen forskjellar der og. Marian Keyes, foreksempel, er ein veldig god forfattar av slike bøker, og eg har eit par bøker av henne på vent. No har lese ei bok av same sjanger som ikkje var like god som Keyes; The reading group av Elizabeth Noble. Den var så full av klisjear og "sterke" kvinner med utro menn og ein fann eigentleg det meste av intriger og begjær og sånn. Det rare er jo at eg måtte lese boka ferdig, same kor teit eg syns ho var, for eg måtte jo sjå korleis det gjekk med dei. Svake menneske, det er meg. Men eg trur ikkje eg vil anbefale ho til andre. Nehei.

By the way: EG HAR FÅTT JOBB! Jubel. 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 1.august. Eg grugledar meg.

08 februar 2007

Kampen om førskulelærarane

I lokalavisene er det for tida mykje blest om mangelen på førskulelærarar, og i går så var det og eit innslag i NRK-nyhetene. Det ser ut som om at alle er enige om at høgare løn er middelet for å få opp interessa for yrket, og det må eg jo seie er positivt. Min eigen kommune, Hå, lokkar med 20 000 i bonus til dei som vel å binda seg til kommunen i eit år. Det virkar unekteleg forlokkande, men det kan kanskje løne seg å lesa det som står med lita skrift og...

Fem av studievenninnene mine vert intervjua av Aftenbladet og, dei veit å stikka seg fram dei der...hehe.

22 januar 2007

Så kom snøen

I går kom snøen. I dag skulle eg køyra til Egersund med Ane. Alt eg har å seie om det er at det finnes ufatteleg mange idiotar ute på vegen. Med sommardekk, foreksempel. At eg fekk på mine piggdekk sist helg treng ikkje å snakkas høgt om, eg hadde dei i alle fall no som det talt.

No har eg begynt å søka på jobbar. Huttetu. Det er skummelt. Eg har aldri søkt på ein jobb i heile mitt liv, før berre datt dei ned i armane på meg. Kvifor gjer det ikke det no? Hrmph. Eg syns jo barnehagane skulle stått i kø for å få eit slikt vent menneske som meg i arbeid. Jah. Så absolutt. For eg kan jo ikkje skrive søknad, hei eg heiter ingeralice og eg er snill og grei held liksom ikkje, seies det. Urettferdig.

18 januar 2007

Det er kaldt i januar

Eller kanskje ikkje. Det er i alle fall blaut i januar. Og det bles. Jaja. Ein veit jo alt om det der med dårleg ver og gode klær og sånn. Ungane kjem heim med blaute klær og eg vaskar og vaskar. I alle fall litt. Eg er nemleg slik ei dårleg husmor. Det er mykje eg er dårleg til, faktisk, men dei der husmorgreiene er nok ein av dei tinga eg er aller dårlegast på. Korleis blir ein god på noko ein er dårleg på, då? Ved å øve seg? Eg har øvd meg i nærare ti år nå, men det blir jo ikkje betre av den grunn. Eg var til og med heimeværande slask i sju år, men det hjalp heller ikkje på. Senk lista seier mange, men eg trur ikkje den der lista mi kan senkast meir. Eg ser jo og at eg framstår som eit dårleg kåneebne med den kåken eg held, kanskje det er difor eg er evig singel? Kanskje det er der motivasjonen ligg? Lær deg å gjere husarbeid og få deg ein mann? Neeeei, det strid jo imot alt eg står for. Eller kanskje eg skal bare lata som om eg er eit godt kåneebne og når det er forseint så seier eg til den (u)heldige: Haha, lurte deg, eg sug på husarbeid, men no er det forseint, du er slaven min. Mohaha. Der har med det. Der er motivasjonen. Vask eit golv, få deg ein mann.

Eg må stikka, eg har eit golv å vaska!

02 januar 2007

Nytt år, nye muligheter

Eg var visst litt for bråkjekk i den tidlegare posten min. Bloggen min har visst ikkje fått det livet den burde ha hatt, det har vore travelt med skule og festar og ungar og alt anna livet bring med seg.

I dag skriv me 2.januar, og det er min 31. fødselsdag. Eg føler meg ikkje ein dag over 25, og forstår eigentleg ikkje heilt kor tida vert av. Eg har vore åleine med ungane i to år, og det har gått som ein røyk, svisj, svisj. Eg er spent på kva det nye året vil bringe, eg vert ferdig førskulelærar til våren, og må ut å søke på jobbar. Eg startar og året med nokre kraftige sommarfuglar i magen, så får me sjå korleis det går med dei og. Ting vert ofte litt kompliserte, men no tar eg ein dag om gongen, og så ser me kor me endar opp. Eg har det i alle fall utruleg fint for tida, og prøvar å gripe dagen som det så fint heiter.

Godt nytt år til alle som gidd å lese her!

10 oktober 2006

Bok

Lenge sidan sist, det har vore ein travel haust med studier og sånn og dumme ting som har hendt i familien og sånn, men no skal eg prøva å verta flinkare. Særleg med bøkene. Inspirert av bloggen Bookhouse Girls vil eg prøva å fokusera meir på bøkene, og mindre på kvardagspjattet.

30 juli 2006

Kontor


Etter forhandlingar med Ane overtok eg i dag skrivepulten hennar. Ho skal få ein mindre når ho flyttar ned. Og etter forhandlingar med Ingrid, overtok eg soverommet hennar. Ja, ho har no knapt sove der på halvanna år uansett, ho har den ledige plassen i dobbeltsenga mi, og det ser ut som om den plassen kjem til å vere ledig i all eva, så då går det nok fint. Så no har eg kontor. Veldig bra. For soverommet har vore kontor og stova og det er så frykteleg rotete. No vert alt så mykje betre. Ja, det hadde sjølvsagt vore endå betre om eg kunne pussa opp heile rommet med det same, men eg MÅ lære meg å ta ein ting om gongen. Ikkje lett.

26 juli 2006

Hage




Sommaren går sin gang, veret er fint, eg les mange bøker og sit litt i sola og maler lister og luker litt i hagen og sløver og slakker og nyt livet. No er to av beda vorte presentable, med god hjelp av Ingunn. Eg er frykteleg stolt av meg sjølv, det er mine aller første bed i heile verda.

04 juli 2006

Fleire Roskildebilete






Her kjem det enda fleire bilete:

Roskilde 2006






Så var eg heime igjen frå årets største begivenhet, Roskildefestivalen. Eg har hatt det utruleg moro, og er nesten litt trist over å være heime igjen. At bagasjen min vart igjen på Kastrup var og litt kjipt. Men- fem dagar med tissekøar og tisselukt, utrulig mange bra konsertar, utruleg mange bra folk og utruleg lite søvn veg opp for alt. Eg skal så definitivt tilbake til neste år!

20 juni 2006

Tur og bad og sånn




I helga hadde eg meg ein liten tur til Skien. Det var utruleg moro! Køyrte bort, eg hatar jo å køyre, egentlig, men det gjekk bra. Tok om Kristiansand bort, og over Seljord, Dalen og Suleskard heim.

Elles er eg ferdig med badet! Det ser mykje betre ut no enn det gjorde før, i alle fall. Eg har jo berre malt rett oppå gammal møkk for å få det til å sjå litt betre ut, full renovering får eg ta når eg vinn i lotto. Haha. Men det har i alle fall vorte fint! Manglar å henge opp litt knaggar og hyller og sånn, men elles er det på plass!

11 juni 2006

Ferie og sånn


Bilde1: Eg prøver å klippe buskar og andre buskvekstar
Bilde2: Ein kjellargang. Har malt tre strøk med panehvitt i taket og på listene, prøver å kleise på heftgrunn på koreapanelen til høgre i biletet, og den vanlige panelen får panelmaling. Det er eit styr, og dyrt er det og. Jaja. Det vert kanskje fint til slutt.

No er eg endeleg ferdig med alle eksamenane, og karakterane har begynt å koma inn. Eg er jamt over veldig nøgd til no, men eg mistenker at naturfagseksamen ikkje gjekk så frykteleg bra. Jaja. No er det i alle fall ferie, og eg ligg jammen ikkje på latsida. Berre litt. Eg har satt i gang med eit par maleprosjekt, prøver å gjere ferdig nokre gamle maleprosjekt, og prøver å få orden i hagen. Eg vert nok i alle fall ikkje arbeidsledig med det første, nei. Skal prøve å legge inn bilde, men det har vore noko klatt med bildene i det siste.

Oblivion spelar eg og for harde livet no, det er steinbra!! Eg har vorte veldig flink etterkvart og. :stolt:

24 mai 2006

The elder scrolls


Eg har fått nytt spel. The elder scrolls: Oblivion. Eg har strengt tatt ikkje tid til det, sidan eg eigentleg les til eksamen, men eg måtte berre. Har ikkje fått spelt så frykteleg mykje, (ja, eg prioriterer faktisk å lesa. Hah!) men det verkar i alle fall spanande til no.

21 mai 2006

Syttandemai



Eg har verdas vakraste døtre.

17 mai 2006

Tamruss




Eg var heime sjå mor ein tur i går, og då fann ho fram den gamle russedressen min. Den passa framleis, og eg vart pinleg påminna kva slags tamruss eg eigentleg var. Eg var visst mest opptatt av å vere forelska og å sove. Sukk.

08 mai 2006

Maja sju år!


7.mai vart prinsesse Maja 7 år. Dagen vart feira med familieselskap sjå Henning og Anita, og ho fekk sykkel av oldefar og Bratzdokke og hol i øyrene og klær og sengklær og sko og alt var bare strålande! Dei vekst til, døtrene. Snufs.

Åttitalet






















I serien Rune-får-noge-å-læ-av presenterer eg i dag ingeralice på åttitalsfest.

29 april 2006

Våryr





I dag klypte eg plenen og rydda i beda og var frykteleg flink. Eg las til og med hundre sider pensum, mens eg sleika litt sol. Ungane klatra i treet og var skikkeleg nøgde.

27 april 2006

Eg er i live


Det skjer liksom ikkje så mykje spanande i livet mitt for tida. Eg les nokre bøker, prøver å fortrengje at det snart er eksamen, skyssar ungar hit og dit og elles berre sosar eg rundt og gjer fint lite.

Eit par ting å glede seg til er det dog. Neste helg er det Dumdum Boys-konsert på fredagen med Linda og Tor Arne og nokre andre folk, og på laurdagen skal eg i 80-tals fest, Tove og Tom som skal feira 30 og 35-årsdag. Blir kjekt å festa litt før eksamensalvoret set inn for fullt!

Og i slutten av juni skal eg til Roskilde! Saman med Monika og Annette og kanskje Hilde. Det bør verte morosamt!

Eit trøytt bilde av meg fylgjer denne postinga.

19 april 2006

Det er vår





Ane har begynt på fotball, og utstyret kom i hus ikveld. Det kostar å ligge på topp. Maja fekk seg Buff, og Ingrid har kasta smokken. No er det vår!

10 april 2006

Syttitalsfest

























Ingunn og Mette feira trettiårsdagane med syttitalsfest på Jadarheim på laurdag. Det var veldig morosamt, og veldig fuktig. Me var veldig fine og. Skikkeleg fine.

05 april 2006

Bergen



Eg reiste med fly frå Sola fredags ettermiddag, og det var sjølvsagt skummelt, men eg klarte meg fint. Pusta i firkant då me landa, men elles gjekk det bra. Vart henta av Monika og Hilde, og me reiste heim til Monika. Etterkvart datt Gro og Annette og inn, og me hadde vorspiel før me tog taxi til byen og Madrugadakonsert. Det var ein fin konsert, men eg fekk ein smule vondt i føtene mine av dei høge hælane.


Etterpå var me på Garasj eller kva det no heiter, der var det høg musikk og alt for mange folk og eg var alt for edru. Så var me på Torgalmenningen, der Monika fant nokre fine steinar og hoppa på, pluss ein ny ven. Politiven.

















Eg sug på å legga inn bilete, det må eg berre sei.

Uansett, så gjekk me på Scotsman etterpå, der var det mange rare folk og dyr, og eg dansa og bar meg. Til slutt var det taxi heimatt, og eg trur det må vere den morosamste taxituren eg har hatt i mitt liv. Taxisjåføren kjem garantert ikkje til å gløyma han heller.

Laurdag var eg heime sjå Monika og slappa av heile dagen, det var ganske fint med ein slik sløvedag. Om kvelden var det jentefest for bursdagsjenta Lise, det var veldig kjekt, bortsett i frå av at eg av ein eller annan grunn gjekk og la meg klokka tolv. Pingledingle. Eg var i alle fall fin på håret om ikkje anna. Søndag sov eg lenge, og Monika og eg såg Tore på sporet og åt pizza, så reiste eg heim med fly, og det var sjølvsagt skummelt, men eg greide meg eg.

Snipp snapp snute.

28 mars 2006

Bergen

Eg var visst i Bergen i helga. Det var kjekt, men det drukna jo litt i panget på veg heim. Eg skal koma med rapport når eg er ferdig med å syns synd på meg sjølv. Eg har lese to nye bøker og, dei skal eg og fortelja om.

Au


Eg kjenner at dette er sjølvmedlidenhetsveka. Eg syns nemleg frykteleg synd på meg sjølv. I dag ligg eg i senga og har gangsperr i heile kroppen. Eg har knaska PF, Voltaren og Ibux med ujamne mellomrom, eg blir i alle fall trøytt. Biletet er av kneet mitt. Snufs.

27 mars 2006

Krasjbombang

















I går kveld sa det pang. Det var ikkje mi skuld, heldigvis er forsikringssfolka enige. Enn så lenge. Så no skal bilen på verkstad og verta fiksa opp framme for forsikringsselskapet si rekning, og så må Ford skifta alle dørene og bakluka, det er visst noko garantigreier, og så var det jammen noko rustgreier, og det må eg betala sjølv. Dette går hardt utover sparepengane mine, og eg kjenner eg er ganske sur og tverr og irritert. Det hjelp sjølvsagt ikkje at eg slo knea og nakken og har vondt overalt og måtte i røntgen og har kasta ut fleire hundre kroner på legebesøk og eg seier berre VRÆÆÆÆÆL.

22 mars 2006

Nytt hår


Eg har visst fått meg nytt hår i dag. Dette vert spanande.

20 mars 2006

De gales øy og To kill a mockingbird

Eg les og les. I helga las eg De gales øy av Dennis Lehane. Huttemegtu for ei bok. Thriller. Eg vart faktisk ganske redd mens eg las og, det var jo så mange tvistar og turnar og hopp og ekle hendingar og eg veit ikkje kva. Eg grøssar litt enda, faktisk. Slutten var og litt rar, eg veit egentlig ikkje heilt om eg har fatta poenget enda. Hvis nokon har det, kan de gjerne skrive det i kommentarfeltet. Takk. Terningkast fem.

Eg har og lese Drep ikke en sangfugl (To kill a mockingbird) av Harper Lee, og det er verkeleg ei nydeleg bok. Eg skal snart diskutera den i ein lesesirkel eg er med i, så eg vil ikkje seie for mykje her, men den får terningkast seks. Definitivt.

PS2 har eg og haldt på med i helga. GTA: San Andreas for ørtande gong. Og for ørtande gong er det dei same oppdraga eg ikkje klarer. Eg er såååå frista til å juksa, men eg har liksom lova meg sjølv å spela gjennom utan å juksa denne gongen. Me får sjå kor lenge tolmodet held.

Elles er eg i grunnskulepraksis no. Dag ein er over, og eg har hatt det storarta. Kule øvingslærarar, kule medstudentar og kule ungar. Og fri på fredag. Kjem godt med, sidan eg skal fly til storbyen Bergen då. Veldig bra.

18 mars 2006

Fordelar med avkom



Ein kan trena dei opp til å henta ved, foreksempel.

17 mars 2006

Peter Robinson


Eg kom visst i skade for å finne fram ei krimbok, og den gjekk ofseleg fort å lesa. Eg trur ikkje eg er så glad i krim no lenger, og det er litt trist. Eg er visst i alle fall ikkje glad i bloddryppande greier. Boka eg las var Etterspill, og handla om seks jenter som vert funne drepne i eit hus, og etterforskninga og sånn. Det som irriterte meg mest med boka var to hovudpersonar som heitte Annie og Jenny, og eg blanda dei heile tida, eg hugsa ikkje kven som var etterforskaren og kven som var psykologen, særleg sidan begge to var hypp på same mannen. Viss eg skal gje eit terningkast så trur eg at eg seier tre. Det var ikkje akkurat dårleg, men ikkje akkurat godt heller, eller er det berre eg som ikkje er så flink til å lese krim lenger.

15 mars 2006

Frosta glas


Eg har jo eit bad som eg prøver å pusse bittelitt opp, men det går jo ikkje akkurat fort. Eg starta vel i oktober eller noko. Jaja. No i dag har eg i alle fall fått spraya noko frosta glass-greier på vindauga. Eg har og kjøpt inn til det siste strøket med maling på veggane, så no er det berre å vente på at energien skal vise seg.

12 mars 2006

Strålende


Eg har vore sjå Ragnhild på vorspiel og på Bryne med Julie, og eg har hatt det frykteleg kjekt. Åh. Skikkeleg kjekt. Fnis. Det einaste som er litt dumt er at eg datt så frykteleg på glattå då eg gjekk heim frå taxien, så eg er skikkeleg øm i rumpa.

Bilete er frå før eg reiste ut, skikkeleg nydeleg.

10 mars 2006

Kaldt


Var ute nokre timar i kveld, og då eg køyrde heim var det jaggu meg 10 minus. Stova kjentes ut som ho var i nærleiken den og. No er det fyr og flamme i ovnen, og snart kan eg kanskje ta av jakken og. *brrrr*

Fant ein gammal film av Ingrid, då var ho vel berre 2 år, trur eg. http://www.ingeralice.net/kverkeenpus.avi

Boklista

Eg har ei bokliste som eg tappert prøver å oppdatere, og den finn du her:
http://www.ingeralice.net/bokliste.htm

Fredag


I dag er det fredag. Eg har hatt lesedag, ofte kalt for sovedag. Herleg. To døtre er henta av far, den tredje skal i pysjamasparty og skal avleverast klokka seks. Jepp.

Eg er ferdig med alle Arn-bøkene, og er ganske trist for at det ikkje er fleire. Har fått DVDen Arns rike, tenkte eg kanskje skulle sjå den ikveld. Gidd ikkje gjer så mykje anna enn å sløva på sofaen, i morgon er det fest og eg må lada opp.

Har begynt på ei ny bok og, Empire Falls av Richard Russo. Ser ut som ei ganske grei bok, men det er ei lita stund si sist eg leste på engelsk, så det gjekk litt trått i byrjan.